av
in fredag, desember 2nd 2005 Lagret under:
11,
911,
konspirasjon,
pentagon,
september,
usa
Er det noko som ikkje er mangelvare, så er det konspirasjonsteoriar. Som regel så blir dei blankt avvist av dei aller aller fleste.
Men vi veit at dei som legg fram slike teoriar har hatt rett. Statar og regjeringar har fleire gongar klart å skjule "snusk og fanteri". Russland og USA er vel kanskje dei landa som har kamuflert flest ugjerningar gjennom åra. Sjå berre på "bevisa" USA hadde for at Irak produserte masseødeleggelsesvåpen. Hadde det ikkje blitt avslørt så raskt som det blei, hadde også den historia blitt ein konspirasjonsteori som få hadde trudd på. Det hadde blitt kalt propaganda.
Teorien eg tek opp i dette innlegget er frå teoretikarar som hevdar at det ikkje var eit passasjerfly som traff Pentagon 11/9. Det dei hevdar beviser at det ikkje var eit fly er basert på videoar,bilder og vitneutsegn.
Fleire private og offentlege kamera tok opp hendinga, men angiveleg samla FBI ihop alle opptak av sekunda før eksplosjonen. Ingen av desse opptaka har blitt vist offentleg.
Fleire vitner seier dei høyrde lydar som høyrdes ut som eit missil eller eit jagarfly.
Bilda som viser Pentagon etter ulykka viser ein fin plen framfor bygget. Dette er kanskje det sterkaste argumentet for teorien. Plenen ser ikkje skada ut i det heile tatt. Andre bilder tekne rett etter krasjet, viser små skadar på bygninga. Holet der flyet angiveleg traff, er ganske lite med tanke å størrelsen å flyet. Det er heller ikkje avbilda døde, flyrestar, dei tusen av literane med flybensin eller skadar flyvingar kunne ha påført Pentagon.
Det som eg undrar mest på er grunnen til ein "cover-up" frå den amerikanske regjeringa si side. Kva grunn skulle dei ha for å skjule at ein bil full av sprengstoff sprengte Pentagon? Kva grunn har dei for å skjule at eit missil traff Pentagon?
Det er meir enn nok av informasjon som bekrefter at det var eit passasjerfly som traff Pentagon, men som desse teoretikarane så lurer også eg på kvar flyet blei av. Fleirfoldige bilder av Pentagon sekunda etter smellet viser ikkje noko fly. Ikkje ein gong halepartiet som så ofte blir spart var å sjå.
Skal ein kun bedømme denne teorien etter bevismateriale, så ser det ut som den originale versjonen er den sanne. Men likevel er der mystiske detaljar rundt dette som gjer at denne konspirasjonsteorien kjem til å leve i evig tid.
http://www.asile.org/citoyens/numero13/pentagone/erreurs_en.htm
http://www.pentagonstrike.co.uk/flash.htm#Main
http://killtown.911review.org/pentalawn.html
http://www.geocities.com/s911surprise3b/american_airlines_flight_77/
Tips oss hvis dette innlegget er upassende